Låge menn blir vraka på Tinder

Mange kvinner set høgdekrav når dei sveiper etter ein kjærast på Tinder. Nesten halvparten av alle menn i Noreg når ikkje opp til kravet.

tinder
Fleire av kvinnene som stiller høgdekrav vil ha menn som er over 1,80. FOTO: HENRIK BØE

– Eg skal jo ikkje bøye meg ned for å klemme ein mann, seier Antilda Koroma (23).

Ho ler mens ho lèt som ho bøyer seg ned for å klemme nokon.

«Under 1,80? Don`t even bother»

«Drar berre på eventyr med dei over 1.77»

«Er du under 180cm kan du sveipe til venstre»

Dette er berre nokre eksempel på kvinnelege profilar på Tinder som krev at mannen skal vere høg.

norge-heteste-chat
Bedre enn Tinder?

Viktig med høgde

Antilda nyttar sjølv Tinder, og høgde er viktig når ho skal velje ut dei mennene ho likar i appen.

– Eg skal ha ein som er høgare enn meg. Eg må kunne gå med høge hælar.

23-åringen er likevel tydeleg på at ho aldri ville skrive eit høgdekrav på sin eigen profil.

– Det er litt frekt. Det går an å ha forventingar og krav, men du skal ikkje skrive det på Tinder, seier Antilda .

Professor i helsepsykologi ved UiO, Bente Træen, trur mange kvinner tykkjer det er flaut at mannen er lågare enn seg sjølv.

Kvinner ho har intervjua fortel at om dei har hatt eit one night stand, og det syner seg at mannen dei har hatt med heim er lågare enn dei, så hastar det ekstra mykje å få han på dør.

Træen trur det handlar mykje om korleis ein ser ut som eit par for andre folk.

– Mange tenker nok at det er stiligare med ein mann som er høgare enn ei kvinne, enn omvendt.

foxy
Bedre enn Tinder?

– Det er forkasteleg

– Eg tenker at det seier mykje om dei jentene som skriv slikt. Det er veldig overflatisk, seier Isabel . Ho er 20 år, og nyttar seg ikkje av Tinder.

– Men dei er jo berre ærlege på kva dei er ute etter?

– Jau da, fair det. Du får kanskje ein person med den høgda du har lyst på, men kanskje ikkje dei personlege eigenskapane du vil ha, seier Isabel .

Blant mennene blir heller ikkje høgdekravet teke godt imot.

Kim Robin  (19) er ein ivrig brukar av Tinder. Han meiner det kvinnene skriv er forkasteleg, fordi høgde ikkje bør ha noko å seie.

– Det er nok mange menn som har krav til kvinner også, men eg tviler på at dei skriv det.

lust18
Bedre enn tinder?

Tradisjonell tankegang

Forskar ved Sosialantropologisk institutt ved UiO, Thorgeir Kolshus, meiner dette syner at tradisjonelle tankar framleis lev vidare.

Han er ikkje overraska at kvinner likar høge menn, og peiker på at likestillinga kanskje ikkje har nådd så langt som me likar å tru.

Det som overraskar Kolshus er at desse kvinnene er så tydelege i tinder-profilane sine.

– Det hadde ikkje vore akseptabelt å seie slike ting i ein sosial setting.

Kilde:nrk